Kyrkjehola Kulturbeite

- Nettside:
- E-post:
- post@kyrkjehola.no
- Telefon:
- 95 27 35 42
- Postadresse:
-
Kyrkjehola Kulturbeite
v/ leder Eva Hove
Hovslia
6250 Stordal
Kyrkjehola Kulturbeite i Stordal (Møre og Romsdal) er ei sommarscene for profesjonell kunstformidling, med dei særeigne lokalitetane i Stordal Bygdetun; Rosekyrkja, Prestestova og Løsetstova, som ramme og arena. Tiltaket har sidan oppstarten i 2000 etablert seg som eit unikt regionalt kulturprosjekt med heile Nordvestlandet som nedslagsfelt - organisert som ein årviss programserie i tidsrommet frå om lag midten av juni til midten av august.
KKB har lagt stor vekt på å skape ein tydeleg programidentitet gjennom samanstillinga av ulike kunst- og formidlingsuttrykk. Eit uttalt mål er å stimulere til nyskaping i krysningspunktet mellom ord, bilete og musikk. Utover å kjøpe inn ferdige produksjonar har vi såleis lagt til rette for kreative møte mellom musikarar, biletkunstnarar, forfattarar og scenekunstnarar.