Gloppen Musikkfest

Large_gloppen_musikkfest_logo
Nettside:

www.gloppenmusikkfest.no

E-post:
post@gloppenmusikkfest.no
Telefon:
95127546
Postadresse:

Gloppen Musikkfest, Leirbrekka 7, 6823 Sandane, Noreg

Besøksadresse:

Gloppen Musikkfest, Leirbrekka 7, 6823 Sandane, Noreg

Gloppen Musikkfest er Sogn og Fjordane sin festival for klassisk musikk – ikkje så stor, men veletablert, intim og på høgt kunstnarleg og profesjonelt nivå. Vi er kjent for å presentere dei beste klassiske musikarane i frodig samspel med kvarandre og musikarar frå andre sjangrar. Kunstnarleg leiing er Per Kristian Skalstad, Nora Taksdal og Audun Sandvik. Den klassiske kammermusikken er vårt viktigaste mandat, men vi vil og skape møteplassar mellom den klassiske musikken og andre sjangre og kunstnarlege uttrykk – som lyrikk, dans, folkemusikk, jazz o.a.

Vi samarbeider tett med fylkets einaste tilbod innan musikk, dans og drama på Firda vgs, og med Gloppen kulturskule, Gloppen folkebibliotek, fylkeskulturavdelinga og andre fagmiljø. Workshop, seminar og anna med våre eminente musikarar er faste innslag i festivalen. Gjennom åra er det skapt fine tradisjonar rundt konsertar, masterclass, tingingsverk og anna  aktivitet.  

Ein fast stab av frivillige har vore og er ein viktig suksessfaktor. Det er gledeleg å sjå at staben stadig vert utvida, og særleg at mange av dei unge kjem tilbake år etter år og etter kvart er klare for nye og større oppgåver.

I 2009 fekk Gloppen og Sandane eit nytt kulturhus, Trivselshagen, og dette har hatt stor betydning for oss som konsertarrangørar og for festivalen. Samstundes har det vore viktig for oss å halde fast på konsertarenaer utanom kulturhuset, og stadig tenkje nytt omkring korleis vi kan møte publikum på nye arenaer. Konsertarenaer og konsertflater har etterkvart fått sin faste plass i programmet, mens andre element er i stadig endring.

De siste årene har vi i samarbeid med fylkeskommunen hatt ei særleg satsing på unge klassiske musikarar får fylket. Sjå meir om dette og anna aktivitet på heimesida vår.

Gloppen og fylket har fantastisk natur, og alt ligg til rette for at ein kan kombinere kultur- og naturopplevingar, om ein ynskjer det.

Velkommen til Gloppen og til Sogn og Fjordane!